Lager
På lager

SMØRBUKK 70 ÅR

349,- Kjøp nå

30. juni 1938 sto folkeeventyret Smørbukk på trykk i Norsk Barneblad, illustrert med to teikneseriestriper. I nummeret etter var Smørbukk på plass att, lausriven frå folkeeventyret, no med egen teikneserie i seks små ruter med litt tekst under. Ein ny, norsk teikneseriehelt var fødd: Smørbukk! I 1941 kom første Smørbukk-heftet til jul, teiknar var Jens R.Nilssen. Då Solveig Muren Sanden teikna det første Smørbukk-heftet sitt i 1960, hadde Smørbukk alt ca.20 år på baken som juleheftehelt. Solveig Muren Sanden fylte svært fort rolla som Smørbukk-teiknar, ho kjende målgruppa og Smørbukk-figuren. Ho mjuka opp og moderniserte Smørbukk forsiktig. Ho la han til si eiga samtid og sitt eige landskap, og godklumpen utvikla seg til ein morosam antihelt frå dei bratte bygder. I denne boka samlar vi dei 9 første Smørbukkane Solveig Muren Sanden teikna, frå åra 1960-65.

Lager
På lager